Om Sunnfjord O40

Sunnfjord O40 rettar seg mot alle som bur eller arbeider i Sunnfjord kommune, og som ynskjer å vere ein del av et nettverk, vere med på sosiale arrangement, skape gode møteplassar og vere med på kompetanseutveksling både mellom enkeltpersonar og bedrifter.

Rosa blob
Smilande person
To personar i samtale

Ein god plass å bu

Nettverket vårt skal gjere Sunnfjord til ein kjekkare plass å bu for alle, både lokale og tilflyttarar. I tillegg håpar vi å bidra til at fleire flyttar hit til Sunnfjord og at dei blir kjent med oss og blir verande. Dette satsar vi på å oppnå gjennom både faglege og sosiale arrangement (og aller helst ein god kombinasjon av sosialt og fagleg innhald). Arrangementa skal ha låg terskel for deltaking, og det skal være like kjekt og triveleg å komme aleine som å kome saman med nokon du kjenner frå før.

Sunnfjord O40 vert drifta som eit prosjekt under Sunnfjord Utvikling, og prosjektleiar er Kathe Arnesen.

For å sikre at nettverket er relevant på tvers av bransjar, interesser og i heile Sunnfjord, har vi ei ressursgruppe satt saman av folk med ulik erfaring og bakgrunn.

Smilande personar
Rosa blob

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt!

Vi ynskjer gjerne å samarbeide med næringslivet i Sunnfjord. Ta kontakt med oss på kathe.arnesen@sunnfjord.no eller tlf. 98 88 36 88 dersom du vil bidra, har ein idé eller vil foreslå eit arrangement.